D
   

 

 

 

 

   

Forslag til dagsturer med utgangspunkt Stranda/Fjellsetra  »

Her er noen forslag til turer/opplevelser man kan gjøre på Nordvestlandet.

 

Her er et word dokument Iduns søskenbarn Tarjei skrev i forbindelse med en rundreise på nordvestlandet de gjorde for noen år siden. Flere gode tips i det. Velg "lagre" i dialogen som kommer opp og lagre det lokalt på din pc, så kan du se på det i ro og mak "offline".

Turar i nærområdet kring Stranda

 

Her er tips til turmål i eller ikring Stranda, som ikkje er lett å finne utan å vere lokalkjend. Alle turane er med start frå Stranda. Evt. kart kan lånast hos Lindøy eller kjøpast på Stranda Bok- og Kontorservice.

 

Ljøen

Kart: Geiranger (1219II).

Tid: Ca. 20 min med bil til parkering nedanfor Øvre Ljøen, og ca. 30 min spasertur ned til sjøen.

 

Ein liten spasertur ned til sjøen mellom Stranda og Hellesylt.  Kjerrevegen ned til sjøen er ein del av den gamle postvegen mellom Bergen og Trondheim.  Turmålet er ved sjøen, ved fjordkrysset mellom Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden.

 

Kjør riksveg 60 mot Hellesylt.  Etter den første tunnelen (Ljønibbtunnelen/Hamregjøltunnelen), kjører du vel 1 km og svinger så til venstre rundt husa på garden Øvre Ljøen.  Vegen blir etter kvart grusveg.  Kjør 200 – 300 m nedover gardsvegen.  Her tek ein sideveg av nedover mot høgre.  Parker ved dette vegkrysset eller rygg eit stykke nedover sidevegen.  Herifrå er det fin kjerreveg ned til sjøen.

Du rundar snart eit nedlagt skolehus.  Etter nokre hundre meter gjennom lauvskog, kryssar du gardsvegen ovanfor gardshusa på Nedre Ljøen.  Følg kjerrevegen vidare nedover gjennom fire hårnålsvingar ned til ei hytte ved sjøen.  Ca. 50 m før hytta tek du av til venstre og følgjer stien nokre hundre meter til opne grasbakkar og ei fin steinstrand under Ljøfossen.

 

Ljøbrekka

Kart: Geiranger (1219 II).

Tid: 15 min. kjøring til parkering nord for Ljøbrekktunnelen øvst i Strandadalen.  Fotturen herifrå, opp på høgste punktet på ruta og attende til bilen eller evt. ned på riksvegen på sørsida av tunnelen tek 3 – 4 timar.

 

Barnevennleg fottur på kløvveg med høgdeskilnad 440-780-340 m, over Ljøbrekktunnelen.

Ruta er ein av etappane på den gamle postruta mellom Bergen og Trondheim.

Dersom de har to bilar, kan den eine parkerast der stien kjem ned på riksvegen – ved elva sør for Ljøbrekktunnelen.

 

Kjør riksveg 60 opp til Ljøbrekktunnelen i Strandadalen.  Til høgre, nær tunnelopninga viser ein portal starten på ruta.  Følg turskiltet Ljøbrekka/Ljøen litt opp i lia.  Heile ruta er tydeleg i terrenget, og raudmerka.  Like sør for høgste del av overgangen er ein kort raudmerka sti (avstikkar) aust til panoramautsikt over Sunnylvsfjorden. 

Dersom de har bil på Ljøen (sørsida av tunnelen):  Stien går vidare forbi Nykkjevatnet til Ljøsetra.  Her er òg flott utsikt inn Geirangerfjorden.  Følg stien vidare nedover 35 svingar til riksvegen på Ljøen.

 

Herdalssætra

www.herdalssetra.no

www.petrines.com

Kart: Tafjord (1319 III), Valldal (1319 IV) og Stranda (1219 I).

Tid: Ferjer og kjøring til Herdalen tek ca. 1 time og 15 min.

 

Fin familietur til ei seter med geiter, sauer, kyr og hestar langt inn i fjellet i nabokommunen Norddal.  Det er bilveg (6 km bomveg, 50 kr) heilt inn til setra.  "Herdalssetra er ei levande seter med den største fellesfjøsen for geiter i landet."  (Sitat frå Fotturar på Sunnmøre).        Setra er utgangspunkt for turar i fjella mellom Tafjordfjella og Geiranger.

Nede i bygda Norddal, finst eit koseleg gjestgiveri, Petrines Gjestgiveri.  Dei har servering i heimekoseleg atmosfære med lokal mat, m.a. rettar av hjort, kjekjøt (geitekilling), herdalskre (småaure frå Herdalsvatnet), laks, heimelaga karamellpudding, eplekake og jordbærkake.

Ta ferja frå Stranda til Liabygda (12 min.).  Kjør riksveg 650 mot Valldal, til Linge ferjekai og ta ferja frå Linge til Eidsdal (10 min.).  Frå Eidsdal kjører du 5 km innover langs sørsida av Norddalsfjorden til Norddal.  Følg skilting vidare sørover og innover i fjellet til Herdalssetra. 

På setra er det mogleg å kjøpe tradisjonell seterkost (rømmegraut, svele og anna heimebakst) på Kaffistova.  Her er også fint å bade, både i elva nokre hundre meter før setra og i Herdalsvatnet, for folk som ikkje er redd for kaldvatn.

 

Muldal

Kart: Valldal (1319 IV).

Tid: Ferje 15 min. + bil 30 min. og ca. 1 t fottur opp til Muldal.

BILDE FRÅ MULDAL

 Familievenleg tur opp til eit nedlagt gardsbruk (der er eigentleg to gardar) ved Muldalsfossen 370 høgdemeter over Tafjorden med flott utsikt over fjord og fjell.

 

Ferje frå Stranda tilLiabygda.  Kjør 27 km innover fjorden forbi Valldal og Fjørå til Sørdalsvika, ca. 3 km før Tafjord.  Like etter den 5 km lange tunnelen er det god parkeringsplass.  Gå langs bilvegen over brua.  Her viser eit skilt med Muldalsfossen starten på den 2 km lange turvegen opp til gardshusa i Muldalen.  Vegen går i 13 slynger oppden bratte fjellsida. 

 

Frå dei øvste svingane ser ein på andre sida av juvet stien som går ned til eit utsiktspunkt til Muldalsfossen.  Rett ovanfor gardshusa i Muldalen er det skilta sti til utsiktspunktet.

Muldalen er elles utgangspunkt for turar i Tafjordfjella.  Frå Muldalen er det 1 t gange på lett tursti på sørsida av Muldalselva inn til Tafjordsætra.

 

Når de først er i  Tafjorden: 

       I Tafjord er det eit oppvarma friluftsbasseng (25 m) og plaskebasseng for dei minste.

       Ved kaia er reist ei minnetavle over dei som omkom i Tafjordulykka i 1934.

http://www.tafjord.net/omtafjord.htm

       Frå Tafjord er det 8 km opp til Zakariasdammen med den 96 m høge demninga.

http://www.kulturnett.no/kulturminner/kulturminne.jsp?id=T11004388


 

Lievarden

Kart: Stranda (1219 I) og Geiranger (1319 III).

Tid: 20 min med bil til parkering ved garden Lie og vel 1 t gange opp til Lievarden på 799 moh.

 

Ein liten familievenleg fjelltur på Stranda.  Flott utsikt over innløpet til Sunnylvsfjorden og Vassetdalen.

Høgdeskilnad: 390-799 m.

 

På vegen nedover mot Stranda sentrum tek de til høgre i krysset der skilt viser til Opshaugvik.  Frå krysset er det 4,7 km inn til Opshaug Sandtak.  Her tek det til høgre og følgjer grusvegen 1,8 km opp og rundt sandtaket og vidare opp til eit vegkryss med bomveg rett fram.  Her tek de til venstre og kjører 1,4 km opp til høgste punktet på gardsvegen til geitegarden Lie.  Her er det plass til parkering for nokre få bilar på begge sider av vegen.

Skilt til Lievarden viser kor stien startar.  Etter 5 min. gange er de oppe på ryggen mellom Synnylvsfjorden og Vassetdalen.  Stien følgjer ryggen eller går litt ned i sida mot fjorden.  Etter ca. 30 min. gange ser de på høgre side Vassetsetra og Vassetvatnet og til venstre fin utsikt over Sunnylvsfjorden og olivinbrotet på andre sida av fjorden.  Lievarden ligg rett ovanfor inste enden av Vassetvatnet.  Målet er nådd når de ser stadskiltet og trimposten.


Frå Lievarden ser ein dei nedlagde gardane Smoge og Smogeli over Sunnylvsfjorden litt lenger inn.


 



Rundtur

 

Bilturer:

Tidsbruk               (reisetid i parentes)
             Stranda–Hellesylt–Geiranger–Ørneveien–Eidsdal–Stranda

www.geiranger.no

www.fjordsenter.info

www.storfjordens-venner.no

www.touristphoto.no/sunnmore5.htm

Kart: Cappelens bil og turistkart.  NAF Veibok
Tid: Reisetida for heile rundturen er 2½ – 3 timar

 

Dette er ein bil- og ferje-tur gjennom verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap/Geiranger-fjorden (www.verdensarv.com).  Ferja frå Hellesylt til Geiranger tek ca. 65 min. Oppe i fjellsidene på begge sider av Geirangerfjorden kan du sjå gardar der folk har budd heilt fram til byrjinga av 1960-åra.  Foreininga Storfjordens Venner arbeider for å gjenreise og restaurere fråflytte fjord- og fjellgardar langs Storfjorden.  Sjå foto.

I Geiranger er det mykje interessant å sjå og mange aktivitetar å velje mellom.  Her er nokre tips:  Geiranger Fjordsenter (Interaktivt kunnskaps- og opplevelsessenter om norsk fjordkultur i verdsarvområdet), Dalsnibba (1476 m høg fjelltopp med fantastisk utsikt over Geirangerfjorden og Geiranger), Flydalsjuvet (utsiktspunkt ca. 4 km opp frå Geiranger sentrum, på vegen opp til Dalsnibba) og  Westerås Gård (ein gard med flott utsikt, 4 km opp frå Geiranger sentrum, eigen restaurant).  Frå Geiranger går vegen vidare opp Ørnevegen i 11 slyng.  I ein av dei øvste svingane, Ørnesvingen, har vegvesenet laga ny fin utsiktsplass, sjå Ørnesvingen.pdf.

I Eidsdal er de inne på ruta til Herdalssetra, sjå tur Herdalssetra.

 

Kjør riksveg 60 tilHellesylt, 29 km.  Her kan du velje å parkere bilen og ta ferja tur/retur Hellesylt-Geiranger, eller ta med bilen på ferja for å ta heile rundturen.  Ferja til Geiranger har 8 daglege avgangar frå Hellesylt (0800, 0930, 1100, 1230, 1400, 1530, 1700 og 1830).  Det går ferje frå Geiranger på dei same klokkesletta.  Ferjeprisar: Bil (inkl. sjåfør) 210 kr, vaksen 100 kr, barn 50 kr, vaksen t/r 120 kr, barn t/r 60 kr. (Sjå elles www.fjord1.no).

Frå Geiranger går riksveg 63, via Ørnevegen, 25 km til ferje Eidsdal-Linge (10 min.).  Frå Linge er det 12 km til Liabygda ferjekai og ferje til Stranda (15 min.).

3 t

Bil/ferje

Stranda – Norangsdal – Stranda

Severdigheiter:

3 t   (2 t)

Bil

Overnatting »

 

Turforslag »

 

Program »


 

Barn »

 

Taler, sang o.l. »
 

www.geir.nl/bryllup.html © 2007 • Privacy Policy • Terms Of Use